Haugesund 13. april 2004

 

"Bok-an-melding"
"Sveket" - barnevernets bibel


 

Av Bernt Skrede

Ein kan merke seg at eg ikkje skriv bokmelding her, men bruker nemninga an-melding - Boka er farleg; det vil eg grunngi etterkvart.

Men først finn eg det nyttig å setje opp eit typegalleri - sjølvsagt karrikert, men likevel gyldig, over kva slags personar vi vil møte i ein normalfordelt gruppe menneske så stor som den vi har med å gjere her. Dei som blir rekrutterte i barnevernet skil seg venteleg ikkje så radikalt frå andre som har med menneske å gjere, så typane her finn du i mange yrke. Av interesse blir det då korleis utøvarane er begåva og kva slags opplæring og fullmakter dei får. Det gir oss mykje av den kulturen som måtte utvikle seg i praktisering av yrket.

Går vi på ein skala i intelligens og sjølvstendig tenking og lar den krysse ein akse for empati og menneskeleg godvilje kan vi finne fire ytterpunkt som dei fleste er noko imellom, men som gjerne vil tendere mot eit av dei. Eg gir desse ytterpunkta namn: Øvst har vi "Gudmund" (Guds gåve, eller den gudbegåva). Han forstår - i alle tydingar av ordet. Og han er så velutrusta at han knapt treng noka lærebok for å gjere det beste ut av alt. Måtte han bli lenge i tenesta! På same etiske sida har vi "Bjørn" - han vil så gjerne, men går etter boka, som han trur på - og handlar etter.
Ved sida av han, men på den etisk likegyldige sida finn vi "Tom" - og han - ja han er berre tom - neppe meir enn ein nyttig idiot for nokon -

Men oppe på sida finn vi "Ulf" - den skuleflinke som gjerne vil vise kor dyktig han er - men som manglar medkjensle både med born og vaksne, og gjerne har litt psykopatiske trekk. Makt har han i alle fall sans for - (Namna her viser ikkje til konkrete personar - vi finn same skala hos kvinner -) Dei fleste menneske finn vi i mellomsonene mellom dei i ytterpunkta - med tendensar i retning av ein av desse typane. Ja, kva så? Så kjem vi til læreboka:

Kari Killens: "Sveket" blir lesen og lært - og ikkje minst brukt av barnevernsfolk landet over . Derfor aukar boka sterkt tendensar som samsvarar med boka - haldningane utviklar handlingsmønster.

Gudmund vil kanskje stusse over eit og anna, men "har det i seg", han treng ikkje denne boka. Han ser menneska, forstår og handlar vettig og etisk uansett. Tom på den andre sida gløymer vi - han får aldri nokon leidande stilling. Men Bjørn treng rettleiing - og vil så gjerne gjere alt rett. Gir boka dårlege råd, vil han begå mang ein bjørne-teneste i beste meining. Ei dårleg lærebok forfører han. I enkle saker kan han fungere godt - men det er i dei vanskelege sakene at vi skal kjenne bra frå ille. Og Ulf - han kan retteleg boltre seg: Han vil leike Sherloch Holmes Han er dyktig ! Og kan reglane og paragrafane - han legg sin prestisje i å "vinne" sine saker. Han brukar boka -

* Og boka her heiter "Sveket" med undertittel: "omsorgssvikt er alles ansvar". Det siste motseier boka: Ho slår tydeleg fast at det berre er barnevernet som forstår seg på slikt. Fleire gonger i boka underkjenner ho at skolar, PPT, og jamvel BUP har den "faglege" innsikta som trengst. Indirekte slår boka fast at slike instansar ikkje forstår godt nok. Barne- og ungdomspsykiatrien kunne til dømes finne på å samarbeide med foreldra! Forkasteleg! (s 367) Og foreldrar forstår ingenting - dei "innser" ikkje .... (Ein barnevernstilsett med tre års skulering forstår derimot alt -)

Boka framstår for det meste som snill - men med markante unnatak
Det vonde med det er at åtgjerdene kan vere rette, at det kan skje at det ikkje finst noko anna råd - Men så vert dette opphøga til regel også der tiltaket er heilt feilaktig. Og boka tilrår ikkje å finne bevis eller få fram tilståingar: BV skal berre "vurdere". (s.195)

Men får ein ikkje fram nok å henge seg opp i
, kan det godt vere "nødvendig.. bevisst å frustrere foreldra " for å få noko fram (s306). Når alle avgjerder skal takast på BV sine eigne "vurderingar" - som ikkje skal kunne etterprøvast - då ser vi kva makt dette gir til typen Ulf - Men så skal vel næraste familie prøvast - slik lova tilrår? Men nei, utan vidare slår boka fast at dette har ein dårlege røynsler med - Og tilbakeføring? Nei - tenk om barnet har blitt glad i forsterforeldra! Ikkje bra å flytte på det då! (s.578)

Derimot blir det brukt overtydelege (konstruerte?) døme for å underbyggje at foreldrar som vert fråtekne omsorg er så primitive at dei ikkje sørgjer lenge over tap av borna sine (s. 557). Boka formidlar (trass i nokre bleike atterhald) ein forakt for klientane som fører tankane og tradisjonen tilbake til forfølgjinga av taterane - (heile siste kapittel).

Og vår venn Ulf får meir vatn på mølla: Boka innfører nemleg ei liste over "risikofaktorar" for kommande omsorgssvikt. Ein viktig faktor er at ein av foreldra sjølv har vore omhenderteken av barnevernet! Med andre ord: Å vere barnevernsbarn er langt på veg ein mental kastraksjon: du bør ikkje ha barn! (Dårleg ...rase?)
Endå meir vekt legg boka på det som ho kallar å vere "umogen". Og sidan boka definerer dette slik at vi alle kan vere umogne iblant så kan Ulf alltid ta dette momentet, det alvorlegaste av alle, med i anklagelista si. Sesam er oftast: "umogen mor".

Uklårt og umotseieleg - Forfattaren av "Sveket" fann opp dette kriteriet, som blir brukt oftare for omsorgsovertaking enn rus, vald og konkret svikt. Ulfs favoritt -
Gong på gong i boka står det om "det lidande barnet". Det blir nesten suggerert inn. Og om barnet aldri så mykje ønskjer seg å vere heime, avfeier ho det med at "born er så lojale". Barnevernet skal etter boka gjere seg harde, og "sjå bakom foreldra" og oppdage kor ille barnet har det. Det er også viktig å finne svikten så tidleg som råd. Med andre ord: her skal detektiven, om han er dyktig, finne svikt om den eksisterer eller ikkje - ikkje høyre på korkje barn eller vaksne og slå til så snart som råd!

Sidan teikna på at barnet har det vondt er så mange - mellom dei magesmerter, hovudpine, overdriven orden, skolelei ... etc etc, vil også vår venn Bjørn i beste meining stå på og gripe inn - Igjen - det kan vere noko i det - men den som leiter, han finn - Så heiter det seg at ein skal prøve hjelpetiltak først. Her definerer boka rein overvaking som "hjelpetiltak". Og innbiller "hjelparen" at han er totalt usynleg - at han ikkje påverkar dei han observerer. Men prøv å ha slik "hjelp" i huset over lengre tid - og sjå kva nerver du får om du er aldri så oppegåande i utgangspunktet.
Eit problem boka ikkje legg vekt på er korleis barnet opplever å bli riven bort frå familie, skule og venner. Og korleis det får det i ein barneheim eller fosterheim. I det siste spørsmålet underslår boka veldokumenterte funn m a frå Sverige om at dei faktisk kjem verre ut enn dei som blir heime trass i barnevernske "risikofaktorar".
Dette karakteriserer fleire som barnevernets livsløgn: "hjelpa" blir ein bjørneteneste . Men Bjørn følgjer boka i god tru - Og Ulf? -

Lesen med velvilje er boka rett så tilforlateleg. I bisetningar førekjem mange naudsynte atterhald og etiske formaningar. Boka er kvasi-systematisk med ein ferniss av dokumentasjon. Og eit ork å lese - Det galne er at boka suggererar til haldningar og metodar (som berre i grove tilfelle av omsorgssvikt kan ha noko for seg), som får små Bjørnar til å sjå svikt også der den ikkje finst - og gir Ulfane fritt spelerom og full støtte. Fordi dette fungerar som ei lærebok for folk med ein enorm makt over einskiltmenneske, understøtter ho tendensane hos barnevernsfolk og fylkesnemndene (som ofte lever i den same tankeverda) til bjørnetenester og overgrep. Få bøker har forårsaka så mykje vondt som denne.

 

********* 

Publisert av Samfunnsmagasinet 13.04.04 og gjengis her med tillatelse.