Utfordring til Hjermann – det nye barneombudet
Lukke til! For oppgåvene står nok i kø, born er som alltid sårbare.

Av Bernt Skrede
Haugesund



Born som kjem i kontakt med narkotika og kriminalitet, og born som er utsette for vald. Born som vert mobba og plaga - og born som treng inspirasjon og tilbod. Det trengst støtte og gode råd.

Det må likevel vere lov å minne om at barneombodet også skal vere ein talsmann for born som slit i ein annan situasjon: Born som lengtar seg sjuke etter familien sin, born som har vore utsette for traumatiske bortføringar og som ikkje får oppfylt sin viktigaste draum: å få kome heim! Born som har mista nettverket sitt og venene sine fordi vaksne betrevitarar ikkje ville høyre på dei. Barnevernsoffer -

Hjermann vil styrke barnevernet - han har sjølv bakgrunn i slikt arbeid. Då bør han ha ei aning om at ikkje alt fungerar så godt overalt som det eigenreklamen påstår. At det finst både gode historier og nattsvarte, med mange gråsoner innimellom. Å styrke barnevernet berre med å pøse på med meir av det same, vil like gjerne resultere i meir overgrep og fleire tragediar. Det barnevernet treng er ei etisk styrking - meir kritisk tilsyn og langt betre forståing av konsekvensane av det dei gjer .

Barn skal høyrast. Men om barnet seier det vil bu heime hos sine, høyrer vi så ofte:" Born er så lojale " - noko som kan vere rett, men oftare er eit uttrykk for kva barnet verkeleg vil, og intuitivt veit kva det er best tent med. Barnevernet gløymer det . Og dei gløymer lett at det å bli omplassert, misse vener og familie i seg sjølv er svært traumatisk og litt av ein dødsprosess jamvel for små born. Born som sjølv er oppegåande, som rømer frå barnevernet og vil heim - eller i alle fall tryglar om å få det - blir dei vurderte på nytt? Dei blir henta med politi! Og vil dei telefonere med omverda skal det overvakast . Tenk om dei sa at dei ikkje likte seg!

I det heile finst det nok av døme på denne typen barnevern som arrogant avviser alle med at "vi veit best, og det seier vi ingenting om, for vi har teieplikt " - Og dette er vel å merke i saker der korkje vald eller rus er inne i biletet, berre ei slags psykologisering om foreldre som dei kallar "umogne" i følgje eit heller tvilsamt skjema. Dei brukar jamvel å prøve å kriminalisere alle som protesterer. Ein må ikkje utfordre barnevernet sin prestisje!

Barnevernsfolka har ikkje meir utdanning bak seg i snitt enn det vanlege lærarar har. Prøv å påstå at vi lærarar er feilfrie alle, og høyr på den hånfliren. Men desse i barnevernet tek mykje meir fatale avgjerder for barnet - "på fagleg grunnlag" - og treng ikkje forklare seg for andre enn fylkesnemnder som ofte har vist seg heilt servile overfor barnevernets påstandar. Desse nemndene kan overprøvast i retten - men det tar gjerne eit års tid - og då er mykje skade skjedd.

Vi har sett det ofte. Ei anonym melding er nok - så kjem eit akuttvedtak - og vips er ungane teken hand om - om så rett før jul - Ein skal vere tilsett i barnevernet for ikkje å sjå brutaliteten i dette. Vi talar ikkje først og fremst om foreldra her - det er barns oppleving av tvang, av øyremerking som kan medføre utryggleik for livet.

Det heiter seg at ein skal prøve hjelpetiltak først. Men etter barnevernet sin eigen definisjon er overvaking av heimen eit slikt tiltak - endå det berre skapar uro og nervepress i huset. Ofte bryt slike ubodne gjester ned nettverket familien har - for ein ber ikkje andre på visitt med slike i huset - Borna merkar spenninga - alt blir ugreitt. Barnevernsfolk er ikkje fluger på veggen - like gjerne er dei edderkoppar - angstskaparar! Mange born er redde barnevernet. Med rette. Andre lever i sakn. Dei har mista fridomen å fare dit dei vil. Får ikkje eingong fritt tale i telefonen. Patetisk nok skjer dette under påstand om "barnets beste". Spør desse borna - og ta dei på alvor!

Styrk gjerne tilsynet. Auk kompetanse i menneskeleg forståing. Men gi ikkje fleire prestisjeryttarar meir makt til fleire bjørnetenester! Barneombodet skal hjelpe born og høyre på dei. Ikkje gløym dei som samfunnet sjølv har tilført så mykje liding!

 

**********
 

Tidligere publisert av Samfunnsmagasinet. Gjengitt her med tillatelse.