15.07.08

Oppfylgjingsinnlegg i Sunnmørsposten den 4. juni 2008, etter kronikken Treng vi vern mot barnevernet?

 

Kunnskapen om barnevernet

 

Etter kritikken eg retta mot barnevernet i kronikken den 29. mai, har fire tilsette i leiande stillingar i barneverntenesta ytra seg i avisa. Etter barnevernet sine alvorlege overgrep mot ei eitt år gamal jente vart kjende, ytra ingen i barnevernet seg.


Frustrasjon
Ein av dei fire, leiar for barneverntenesta i Ørsta, Kyrre Grimstad, meiner barnevernet er ope. Eg er delvis samd med han, døra inn til barnevernet er vidopa, men fungerer som ei sluse; der går ingen veg attende! Frustrerte helsearbeidarar melder om ei teneste som ikkje fører dialog, men som krev rapportering. Frustrerte og sterkt prøvde foreldre melder om ei teneste som ikkje fører dialog, men som skriv rapportar.

Grimstad har møtt slike prøvde foreldre, og omtalar dei som hatefulle.

Sunnmørsposten har nyleg hatt brei omtale av den internasjonale konferansen om mor/barn som nyføddavdelinga ved Ålesund sjukehus har halde. Og i vår las vi om forskninga til dr. Nils Bergman om helsegevinstane til både spedborn og småborn ved naturleg nærleik til mor si.

Forskninga fortel oss kvifor det er klokt å handle slik vi instinktivt gjer om forholda ligg til rette for det. Ei trygg fødande er beste forsikringa for barnet for ein god overgong til dei nye omgjevnadene som fødselen representerer. Mor og barn er allereide då gamle kjenningar, ein kjenning barnet er avhengig av for å tilpasse seg den nye verda. Denne kunnskapen fortel meg at den skal vere uvanleg klok som kan forsvare å ta mora frå eit nyfødd barn! Ein praksis barnevernet stendig meir hallar til, fordi det går betre med desse enn med dei som barnevernet fjernar mora frå seinare. Anna forskning konkluderer med at forholda i heimen skal vere tilnærma katastrofale om det kan forsvarast å ta foreldra frå barnet.

I det strategiske arbeidet for eit opnare barnevern, profilerer barnevernet seg som barnet sin advokat. Born under 15 år har ikkje advokat; dei har foreldra. Det ligg i naturen til mennesket, for å overleve som art, å verne om avkomet, setje seg sjølv til sides som fostringa av den vesle krev. Ja, jamvel risikere eige liv om det er einaste utveg for å berge avkomet. Korkje pengar, lærdom eller evne til godt ”fagleg skjøn” (Grimstad) gjev større kraft til nytte for barnet.

Difor er det heller ingen som syrgjer slik som den som misser eit barn. Døyr barnet, er tapet uboteleg, men tida mildnar sorga. Tek barnevernet barnet, er det ikkje sikkert at åra mildnar. For du veit at det er ikkje berre du sjølv som har mist, du lyt òg leve med vissa om sorga og saknet som barnet ber; og vissa om at tapet skader barnet ditt.

Eg ville vere svært varsam med å karakterisere dei foreldra som barnevernet har skilt frå borna.

Grimstad legitimerer arbeidet til barnevernet med undersøkingar som viser at det er brukarane som er mest nøgde med tenesta. Han nemner ikkje at dei som er utsette for tvangsstiltak, ikkje er med i statistikken. Denne gruppa viser nemleg ein overrepresentasjon når det gjeld sjølvmord, og dei resterande, som kjenner seg som offer, vert tvinga inn i eit årelangt fellesskap med den dei opplever som overgripar, nemleg barnevernet.

Nærleik
Mangel på nærleik mellom mor og barn både i spedbarn- og småbarnstida har vorte vanleg, men er like fullt både unormalt og skadeleg. Idèen om at sjølvrealisering for ei mor skjer vekke frå barnet dei åra barnet treng denne nærleiken, har vore nærast for ei samfunnsnorm og eit samfunnskrav å rekne i årtier.

Forskning viser at det stresset denne manglande nærleiken påfører barnet, påverkar utviklinga av hjerna. Barnet vert urolegare, vert mindre fysisk og psykisk robust, og toler dårlegare stress. Ja, nærleiken til barnet er jamvel godt for mor. Er det ikkje dette vi har røynt så inderleg vel, at vi vert både sterkare og meir nøgde om vi er i lag med borna våre? Men sjølvsagt treng vi hjelp, avlastning og støtte frå både husbondar og samfunnet rundt oss.

Barn av si tid?
Eg undrar meg på korleis ein offentleg etat kan ha fått mynde til å gripe så djupt inn i livet til normalt fungerande familier.

Mor og barn si trong til nærleik er nærast for eit tabu å rekne i den offentlege debatten. Når staten gradvis har kome inn som barnet sin næraste, har ordet nærleik vorte skift ut med pedagogikk. Og når vi foreldre gradvis har måtta akseptere ein oppvekst for borna våre i institusjonane barnehage og skule, er kanskje ikkje spranget så stort til å sjå på oppvekst i fosterheim som nærast likeverdig med eitt av fleire alternativ.

Men vi veit at einast i svært få tilfelle er oppvekst i fosterheim eller institusjon betre enn i familien. Difor er det så viktig at vi byggjer og tryggjer gode lokalsamfunn og at det finst støtteordningar for heimane. Og eg trur ikkje at det mynde som barnevernet har fått til over natta å kunne tvangsskilje foreldre og born, kan skape den tilliten og tryggleiken familien treng i møte med hjelparen.

Offentleg debatt
Eit barnevern med makt og vilje til å vere eit trugsmål mot barnet frå det ligg i mors liv, til det som sunn òg triveleg eittåring vert tvangskild frå mor si ved hastevedtak, skal sjølvsagt debatterast i det offentlege romet; sjølv om det er mot barnevernsleiar Grimstad sin bestemte vilje.

Ingjerd Wolstad, med lang fartstid i barnevernet, kommenterer kronikken min i eit lesarinnlegg, og retar der opp alle instansane som barnevernet brukar i arbeidet sitt. Ho synleggjer med dette det enorme apparatet og utgiftene samfunnet har på arbeidet deira. Dette støttar påstandane mine om at barnevernet har den store målgruppa som Kari Killèn har uttalt; mellom 25 -50 % av norske born og unge!

Eg fekk kjennskap til barnevernet som overgripar gjennom boka til Berit Aarset, ”Maktovergrep og justismord”. I ettertid har eg fått kjennskap til mange andre sine historier. Dei er truverdige, og dei liknar historia til Aarset. Dette eine tilfellet fortel på ingen måte den heile sanninga om barnevernet i Noreg. Men at områdeleiarane Mette Giske og Turid Kvamme gjev si fulle støtte til desse overgrepa. fortel mykje om barnevernet på Sunnmøre. Og fokuset deira i kjølvatnet av kritikken min, vern om seg sjølve og eiga teneste, treng inga djupare analyse. Det viser makta si djupfølte varheit for det ho opplever som fokus på eigen person. Ei varheit som hindrar fokus på arbeidet deira. Men vi treng denne kunnskapen for å kunne verne born mot liknande statlege overgrep i framtida.

For det er på fruktene vi kjenner treet, ikkje på treet sine forsikringar om eiga fortreffelegheit.


Av Margaret Hennum,
Helsesyster og pediatrisk sjukepleiar

 

Publisert i Sunnmørsposten 04.07.08. Gjengitt med tillatelse.
http://www.smp.no.htest.osl.basefarm.net/article/20080704/MENINGER/489135110