"Usedelighet og samfunnsfare"
- ei vond, men viktig bok

Av Bernt Skrede



Eg sit med ei lita bok i handa, ei eg ikkje akkurat har hatt glede av å lese, men som eg likevel er glad for at eg har fått fatt på. Boka blir aldri nokon bestseljar - og undertittelen vil heller ikkje lokke på så mange: Seksuelt utfordrende atferd og medisinske inngrep innen åndssvakeomsorgen i 1940- og 1950-årene.

Med andre ord: tragiske hendingar i ein svunnen tid.

Men boka vitnar om haldningar og ein brutal handsaming av medmenneske, om eit menneskebilete som gjorde stygge overgrep mulege - og som i sitt djupare vesen slett ikkje er passé. Ho fortel om korleis menneske som ville vere elite såg på dei svake og uønska i samfunnet vårt, om korleis representantar for det offentlege ville kvitte seg med plagsame medborgarar og personar dei såg ned på. Ho fortel om korleis menneske som hadde fått makt i samfunnet brutalt brukte denne makta mot individ som var annleis, ekle eller mindreverde i deira augo. Og om overgrepa ikkje er dei same i dag - så kjenner vi lusa på gangen - vi har enno menneske iblant oss som berre er alt for villege til å bruke den makta dei meiner å ha fått, til å øydelegge menneskeliv og leike gudar -

Derfor er dette ei viktig bok. Ho er resultatet av ei forsking ein ikkje kan avvise, og ho dokumenterar ein arv i tenkemåte vi så gjerne skulle vere forutan.

Joar Tranøy er psykolog og forskar. Boka hans er lågmælt og nøktern - slik skjedde det - slik står det i rapporten - og slik uttrykte nokon av ofra seg. Vi meir enn anar likevel sympatien og harmen bak. Og om vi sjølve må utlese det: vi forstår at menneskekjennaren Tranøy formidlar ei medliding med offera.

Inngrepa det er tale om går over ein skala frå sterilisering via kastrering (full fjerning av kjønn) til voldsame elektrosjokk og lobotomering. Og inngrepa vart ikkje berre gjorde av omsyn til pasientane ("Det er for di eiga skuld " - "Det er til barnets beste "), men like mykje ut frå ein teori om at desse menneska var skadelege for samfunnet, og at slike ikkje måtte få formeire seg! Det er ope argumentert med "smitte". Og med at alternativa vart for kostbare -

Men åndssvake? Tranøy har engasjert seg mot lettvinte IQ-testar. (Vi kjenner han frå Svanhildsaka.) Ein testar personar som er i sjokk - eller langt nede - eller tydeleg uvillege, og resultatet vert - sjølvsagt - misvisande. Og fortel no testane alt om menneskeleg funksjonsevne? Vi veit at dei ikkje gjer det. 

Likevel var langt frå alle som her er med, definerte som åndssvake i klassisk meining. I nazitida var folkeelement som ikkje høvde i "folkeætta" liksom ein slags åndsveike - Men langt før krigen hadde vi i Norden ei lovgjeving som opna for utreinsing av "dårlege" menneske. Og frå USA hadde vi fått termen "moralsk åndsveike". Etter krigen blomstra det opp. "Tyskertøsene" var det naturligvis ikkje nåde for - systemet "visste" at dei var uhøvelege - og homofile var vel ikkje verdifulle nok i folket. Prostituerte var eit tvilsamt element. Og ikkje minst taterane. Ei harmeleg historie finn vi i soga om taterjenta som vart kidnappa til ein skuleheim, vart vrang og uvilleg og kom så i klørne på desse ekspertane. Ho blir tvungen, testa og straffa for å ville ut - fråteken jamvel sitt kjæraste eige - ei salmebok - og så kjønnslemlesta og til slutt lobotomert. Ho fungerte i alle fall godt nok til å etterlate seg brev - 

Iblant undrar ein om det ikkje har blitt gjort meir vondt med lov i hand enn mot lovene -

Ofte var det ikkje ekspertane som var ivrigast på å "gjere noko med" pasientane. Ein heimekommune ville sleppe kostnadene med ein vanskeleg person. Så kunne dei presse på for å "løyse problemet". "Lavtstående individer" kunne ein gjere med som ein fann best - Om no vedkommande var åndssvak ifølgje test, eller berre hadde noko dei vurderte som "abnorm kjønnsdrift" - eller manglande evne til å tilpasse seg autoritetar - "minusvariantar" i folket skulle nøytraliserast.

Ein brukar nok ikkje desse nemningane så ofte i dag. Ikkje veit eg om dei same institusjonane opererer ut frå denne tankegangen lenger heller (endå Juklerød-saka ikkje er oss så fjern i tid - Dei måtte finne opp ein ny sjukdom for å nagle han fast.) Men at menneske som har fått samfunnet si godkjenning til å vurdere andre, framleis kan li av den same hangen til å bruke makt etter sine eigne fordommar og eigen trong til å vere smågudar blant oss, det veit vi. Salamandrar som i sine vekselvarme hjarto vil øydeleggje menneskeliv, dei har vi enno iblant oss. For det var ikkje den mennesketypen som vart steriliserte bort den gongen - Ein finn dei, som mange av oss veit, eksempelvis representerte i norsk barnevern - enno i dag. Langt frå alle er slik, men alt for mange.

Og snur vi på flisa og legg dei under lupa, kan vi godt kome fram til ein velkjend "åndssvakheit": mobbarsyndromet: Ein hatar den svake - av redsle for sjølv å vise seg svak. Smitten - 

Men eg har berre skrive nokre tankar omkring boka. Tranøy leverer fakta.

Orkar du lese om verkelege tragediar, er dette ei lærebok. Ein viktig dokumentar. Historie har vi mellom anna for å stå betre rusta i notida. Joar Tranøy skal ha takk for å vise oss sider ved norsk historie vi bør kjenne til - 


Se også:

IQ-testing og seksualinngrep mot usedelige åndsvake jenter
En artikkel om samfunnets behandling av usedelige «åndssvake» basert på Joar Tranøys bok ”Usedelighet og samfunnsfare - Seksuelt utfordrende atferd og medisinske inngrep innen åndssvakeomsorgen i 1940-og 1950-årene”.